Plante-dyrking

-Økologisk dyrking av frukt

er dette noko for deg?

Det er ei aukande interesse for økologisk produserte varer. Produksjonen er ikkje så stor enno, så det er mogeleg for fleire å satsa. Det er stor mangel på både konsumfrukt og råstoff til saftproduksjon. Produksjonen er krevjande, men med gode kunnskapar er det fullt mogeleg.

Av Jan Ove Nes, Indre Hardanger Forsøksring
Oppdatert 2005 av Endre Bjotveit, Indre Hardanger Forsøksring

Artikkelen er hentet fra Handbok i plantedyrking, Vestlandet

Ein ser liten skilnad på økologiske og konvensjonelle frukthagar.

Må eg leggja om heile garden?
Du kan leggja om sort for sort til økologisk dyrking, men kan ikkje ha same sorten elles på garden. Det skal i tillegg vera mogeleg å sjå skilnad på sortane. Du kan t.d. leggja om Raud Aroma til økologisk, og halda alt anna i vanleg dyrking. Feltet som skal dyrkast økologisk skal vera skilt frå andre felt med ein køyreveg e.l. (3 m grense). Frå eit felt eller ein sort er meldt inn til omlegging til frukta kan seljast som økologisk, skal det gå 3 vekstsesongar. Denne tida vert kalla karenstid.

Omleggingstilskot
For areal som vert lagt om til økologisk dyrking får du eit eingongstilskot på kr 750,- pr dekar. Vidare er det eit årleg tilskot på kr 250,- pr dekar. I tillegg får du alle dei vanlege produksjons- og kvalitetstilskota.

Gjødsling og kalking
Gjødsling skal baserast på husdyrgjødsel eller annan godkjent organisk gjødsel, men ein kan få dispensasjon til å tilføra einskilde næringsemne ved dokumentert behov. Middel som det kan søkjast om er t.d. råfosfat, kaliumklorid, magnesiumsulfat eller mikronæringsstoff-konsentrat. Kalksteinsmjøl eller dolomitt er godkjent utan søknad. Det er ikkje krav om at husdyrgjødsla skal koma frå økologisk dyrehald. Den einaste husdyrgjødsla som ikkje er lov å bruka er møk frå burhøns eller pelsdyr. Totalt kan du bruka 14 kg total-nitrogen pr dekar og år i gjennomsnitt for alt spreieareal på garden. Av dette kan inntil 8 kg koma frå ikkje-økologisk husdyrhald, men dette er ei absolutt grense pr dekar og gjeld ikkje som gjennomsnitt for alt spreieareal. For slaktekylling vil dette i praksis utgjera ca 350 - 400 kg, noko som er rekna for å vera nok til dei fleste fruktslag.

Plantevernmiddel og sprøyting
Nokre vanlege plantevernmiddel er godkjende i økologisk dyrking. I tillegg finst det ei rekkje alternative middel som kan vera aktuelle. I praksis bør det brukast ei eiga sprøyte til økologisk dyrking, men ein kan truleg få dispensasjon i ein overgangsperiode.

 Døme på middel som kan brukast i økologisk dyrking er: Thiovit (svovelpulver), grønsåpe og rapsolje (ikkje frå genmodifiserte plantar), og kalsiumklorid (etter søknad). Det er også mogeleg å søkja om godkjenning for andre middel.

Aktuelle skadegjerarar og tiltak
Skurv er den mest alvorlege skadegjeraren i eple, medan insekt (t.d. rognebærmøll) kan vera problem somme tider, eller enkelte år.
 
Skurv
Fruktdyrkarane i Hardanger har lang erfaring med bruk av svovelpulver (Thiovit) mot skurv. Thiovit er lovleg å bruka i økologisk dyrking, medan svovelkalk har gått ut ettersom det har mista den ordinære godkjenninga.

Det er inga øvre grense på kor mange gongar du kan sprøyta.
 
Lagerrôte
Kalsiumklorid har vist positive effektar på lagring av Aroma. Forsøk ved NLH på Ås har vist at 4-5 sprøytingar med kalsiumklorid er like effektivt som den tradisjonelle lagerròtesprøytinga med Topsin.

Insekt og midd
Mange dyrkarar har med stort hell prøvd sprøyting med rapsolje + grønsåpe mot egg av lus i moreller.

Dette er også aktuelt mot egg av frukttremidd, men må då sprøytast like før klekking. Blandinga verkar truleg også på vaksne frukttremidd og bladlus. Erfaringar frå eit felt i Lier sommaren 2002, kan tyda på at olje også har verknad på sommarfuglegg og unge larvar. Forsøk med oljesprøyting mot rognebærmøll tyder på at to sprøytingar gir om lag same resultat som den tradisjonelle Gusathion-sprøytinga.

Småfuglar mot sommarfugllarvar
Eit blåmeispar med ungar et om lag 3 kg insekt pr. år, men også kjøttmeis og flugesnapparar tek mykje insekt. Blåmeisen er mest effektiv ettersom den går systematisk over greinene og plukkar i seg larvar, og tek til og med mindre insekt som t.d. bladlus. Ein bør ha 2 til 5 fuglekassar pr. daa med flygehol på 27 mm (til blåmeis) og 32 mm (til kjøttmeis og flugesnappar).

Ugrasbekjemping
Mypex duk (vevd plast) er godkjent i økologisk dyrking, og er truleg den beste løysinga. Enklaste måten å leggja den på er etter at ein har planta. Ein lagar små hol der trea står og trer den ned over eittårige pisker. Gjer dette om våren før bladveksten startar! Kantane vert festa i jorda i ei plogfure e.l.

Flaskehalsar innan plantevernet

  • Frukttrekreft kan mogelegvis verta noko problematisk ettersom koparkalk ikkje er godkjent.
  • Sommarfugllarvar kan vera utfordrande enkelte år, men her føregår det aktiv forsking på alternative rådgjerder.
  • Skurvsmitte frå året før kan mogelegvis verta eit utfordring ettersom urea ikkje er godkjent. Bladfjerning eller -knusing er også effektivt for å redusera smitten, men dette er arbeidsamt. Det er utvikla ulike maskiner og utstyr for dette, men dette er kanskje vanskeleg å bruka i for bratt terreng.
  • Ugras kan verta arbeidsamt dersom ein ikkje legg Mypexduk ved planting, eller på ein eller annan måte dekkjer jorda.
  • Bekarrôte kan mogelegvis verta eit problem i enkelte sortar, men kanskje kan Tricoderma-soppen hjelpa mot dette på sikt. Registreringar har også vist at bekarròte kan auka på når ein brukar mykje husdyrgjødsel. 

Økologisk fruktdyrking krev solid fagkunnskap
Økologisk epledyrking er krevjande, og ein må truleg sprøyta minst like mange gongar som i konvensjonell dyrking. Ingen må difor tru at økologisk epledyrking er mogeleg utan profesjonelle dyrkarar og gode kunnskapar innan faget. Plommer er ein enklare produksjon enn eple med tanke på plantevernet. Det finst gode økologiske rådgjerder mot alle alvorlege skadegjerarar, ettersom me ikkje har plommeveps i Hardanger og Sogn.

Kort om sortar som kan vera aktuelle
Eple: Berre sortar som er sterke mot skurv er aktuelle å dyrka økologisk. Discovery og Aroma er dei mest aktuelle, men også Nanna, Eir, Karin Schneider og Katinka er sterke mot skurv.

Plommer: Dei fleste sortane i moderne konvensjonell dyrking er aktuelle. Sortar som er utsette for plommepung, som t.d. Blue Rock, er uaktuelle.

Pærer og moreller er krevjande produksjonar som fort kan få problem med t.d. teger og rôtning. Økologisk produksjon av desse vil difor vera økonomisk usikker.

Oppbindingsstaur må vera Debio-godkjent, og dette er i handelen.

Omsetjing
Grossistane COOP, Bama og Norgesfrukt har sagt dei er interesserte i å omsetja økologiske varer, og sel allereie økologisk frukt i større eller mindre omfang. Særleg COOP har bygd opp ein bra omsetnad av økologiske produkt i sine butikkar. Grossistane krev likevel tilgang på større mengder før dei er villege til å satsa på økologisk frukt. Dei stiller også spørsmål med kor høg meirpris forbrukarane er villege til å betala.

I tillegg finst det fleire smågrossistar som sel ein del økologiske varer. Som eit døme etterlyser Finnegarden på Voss meir økologisk produksjon av seine eplesortar. I 2002 fekk dyrkarane som leverte eple til han om lag kr 14,- pr. kg eks. MVA + distrikts- og kvalitetstilskot. Han sel også ein del plommer og pærer. Økologiske presseple har vore betalt med minimum kr 4,- pr kg eks. MVA på Balholm Mosteri.