Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Ny giv for NORSØK

- Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) blir 30 år i 2016 og er igjen eit nasjonalt kompetansesenter i full aktivitet. Dette er et godt tidspunkt for NORSØK for å starte eiga forskings-, utviklings- og formidlingsverksemd, seier Turid Strøm. Ho er frå 4. januar tilsett som dagleg leiar for NORSØK.

Etter politisk vedtak blir NORSØK no etablert som eit nasjonalt kompetansesenter med 13 tilsette. Dei  tilsette i  «nye» NORSØK har  høg kompetanse. Mange av dei er erfarne forskarar og rådgjevarar, som arbeider med prosjekt for å utvikle økologisk landbruk vidare.
Ved etableringa av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) 1. juli 2015, vart det bestemt at NIBIO ikkje skal fremme ei spesiell driftsform, som økologisk landbruk. NORSØK  har difor fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet å overta personell og oppgåver frå NIBIO.
 
Viktig å satse no
-Eigentleg er dette rett tidspunkt for at vi  igjen får eit nasjonalt kompetansesenter som har som mål å fremme og utvikle økologisk landbruk i Norge, meiner Strøm.
- Viktige oppgåver ventar innan forsking, utvikling og formidling. Forbruket av økologisk mat har auka, men produksjonen har stagnert. Her har mange ein jobb å gjere, og NORSØK vil no kunne bli ein viktig bidragsytar.
Turid Strøm kjenner organisasjonen godt. Ho har tidlegare vore senterdirektør ved Bioforsk Økologisk, forløparen til «nye» NORSØK. Verksemda har heile tida halde til på Tingvoll gard på Tingvoll i Møre og Romsdal. Ho legg ikkje skjul på at dette vert ei utfordrande stilling, men er glad for at ho får med seg såpass mange erfarne medarbeidarar. Meir enn halvparten av dei tilsette er forskarar, fire av desse har doktorgrad og to er seniorforskarar. Elles har  rådgjevarane mastergrad eller meir, og dei fleste har erfaring som prosjektleiarar for store nasjonale og internasjonale prosjekt.
 
Ventar vekst
NORSØK har delt fagområda sine inn i fire kategoriar: mat, landbruk, miljø og energi. Dei fleste tilsette tek med seg arbeid i allereie pågåande prosjekt. Vidare er NORSØK tildelt 5 mill kr frå Landbruks og matdepartementet for å  fremme  økologisk matproduksjon og – forbruk.
-Vi satsar på å vekse til fleire tilsette ganske raskt, men dette er sjølvsagt avhengig av prosjektinngang og andre faktorar, seier Turid Strøm.
Ho meiner ei  lita, men effektiv og kompetent privat stifting kan vere ein fordel når ein skal gjennomføre forskings- ,utviklings- og formidlingsprosjekt. Ho understrekar at dei sjølvsagt er heilt avhengig av godt samarbeid med universitet, høgskular, ulike institutt og landbruksrådgjevinga.
-Her bygger vi vidare på den gode tradisjonen som allereie er etablert. Dei tilsette som blir med over i NORSØK har gjennom 30 år bygd opp gode nasjonale og internasjonale nettverk. Fleire av dei tilsette som blir med over til «nye» NORSØK, var med og etablerte det opphavlege NORSØK i 1986.
 
Unikt miljø på Tingvoll
Turid Strøm har store ambisjonar og stor tru på framtida for det nasjonale kompetansesenteret på Tingvoll på Nordmøre.
I tillegg til at NORSØK vil ha 13 tilsette, har Miljøfaglig Utredning tre tilsette og NIBIO vil framleis ha 22 tilsette stasjonert på Tingvoll. I tillegg har  Landbruksrådgiving  Nordvest og Kristiansund og Nordmøre Næringsforening kontor  her.
-Miljøet på Tingvoll er unikt. Dette slagkraftige kompetansemiljøet har  ei god framtid, og kan levere eit viktig bidrag til å gjennomføre «det grøne skiftet».  
-  Tingvoll gard er ein ideell tilhaldsstad for NORSØK. Her har ein tilgang til økologisk landbruksareal, økologisk mjølkekubesetning, fjøs og biogassanlegg til forsøk og utprøvingar.  Saman med eit sol- og bioenergisenter, utmark og ein økologisk demonstrasjonshage er dette gode arenaer for formidlings- og utviklingsverksemd.
 
NORSØK er ei privat, sjølvstendig stifting og eit nasjonalt senter for tverrfagleg forsking for å utvikle økologisk landbruk. NORSØK forvaltar også Tingvoll gard, som skal drivast som eit økologisk gardsbruk. Arbeidet er forankra i dei internasjonale prinsippa for økologisk landbruk: helse, økologi, rettferd og varsemd.
NORSØK vart etablert på Tingvoll i Møre og Romsdal i 1986. I 1989 fekk NORSØK status som nasjonalt kompetansesenter i økologisk landbruk.  I 1997 fekk NORSØK status som forskingsinstitutt, og vart eitt av åtte frittståande institutt under Landbruksdepartementet. I 2006 vart NORSØK sin aktivitet slått saman med Planteforsk og Jordforsk til Bioforsk. Ved etableringa av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) 1. juli 2015, vart det bestemt at NIBIO ikkje skal fremme ei spesiell driftsform, som økologisk landbruk. NORSØK overtok difor frå 4. januar 2016 personell og oppdrag frå NIBIO og er igjen eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk.