Emne

Fleire vegar til større volum

Fruktdyrkar Tone Ness meiner det er mogeleg å nå målet om to tonn økologiske eple per dekar på sin gard.

Tone Ness starta omlegging i 2002, og i 2013 var alt arealet økologisk. No har ho fruktfelt av ulik alder, ulike plantesystem og mange sortar.
- Variasjonen mellom felta mine er stor. No er eg i ferd med å byte ut sortar og endre plantesystem for å kunne produsere meir effektivt. Men, eg tek litt i gongen. Eg må jo ha litt produksjon kvart år, fortel ho.

Variasjon i volum
Tone Ness frå Gvarv i Telemark overtok heile slektsgarden i 2011, men starta alt med økologisk produksjon i 2002. Då overtok ho ansvaret for 16 dekar eple. No driv ho garden i lag med sambuaren Mikkel Aanderaa.
- Eg overtok ansvaret for meir og meir av garden, og la om til økologisk produksjon etter kvart. Difor har eg også sortar som ikkje passar for økologisk drift, seier ho.
I 2013 hadde Ness tre og eit halvt tonn eple per dekar på eitt av felta sine. I snitt har ho i dag om lag eitt tonn per dekar. Ho har tru på at produksjonen vil gå opp når meir av hagen er fornya.
- Det er eit realistisk mål å ha to tonn per dekar på sikt, meiner Tone Ness.
Skal ein drive økologisk epleproduksjon er val av sort viktig for å unngå fråsortering på grunn av skurv. Raud Aroma og Discovery har god motstandskraft mot skurv, og er dei sortane som er mest vanleg i økologisk epledyrking.
- Eg meiner at det er fornying av sortar og plantesystem som er viktigast for å få opp volumet av eple hjå meg. Skadedyr og sjukdommar kjem i neste omgang, seier Ness.


Fornying av sortar
I dag er det tilplanta 65 dekar eple på garden til Tone Ness. Ein del er gamle felt med Summerred, ein sort som ikkje passar for økologisk drift. No fornyar ho med sortar som er tilrådd for økologisk fruktdyrking.
- Eg planta fire dekar Rubinstep i 2014, i år skal eg planta seks dekar Raud Aroma og eg har tinga tre til å plante sju dekar med Discovery i 2017, fortel Ness.
- Om nokre år vil eg ha større produksjon og mindre variasjon i volum mellom åra, meiner ho.
Tone Ness starta omlegging i 2002, og i 2013 var alt arealet økologisk. No har ho fruktfelt av ulik alder, ulike plantesystem og mange sortar.
- Variasjonen mellom felta mine er stor. No er eg i ferd med å byte ut sortar og endre plantesystem for å kunne produsere meir effektivt. Men, eg tek litt i gongen. Eg må jo ha litt produksjon kvart år, fortel ho.

Tettplanting og næringstilgang
Kor tett trea er planta betyr også noko for kor stort volum ein kan vente per dekar. Tone Ness har valt å plante tettare i dei nye plantingane sine for å auke produksjonen sin.
Når trea står tett vert konkurranse om næringa i jorda viktigare.
- Eg kombinerer fresing, slått og hypping under trea for å halde ugraset vekke og redusere konkurranse om næring, seier ho.
Vanlegvis freser ho slik at jorda er svart tre gonger om våren, siste gongen i juli. Så tek ho fram fresen att på hausten og køyrer ein runde til. Jordkultur, jordstruktur og næring høyrer saman, og Ness vil gjerne utnytte den samanhengen på ein god måte. Ho kjenner til forsking som har vist at fresing tidleg vår aukar tilgangen på næring i jorda.
- Eg lærer stadig noko nytt. Då eg starta i 2002 slo eg graset under tre. Etter at eg starta med fresing merka eg stor forskjell på vekst. Men den vil optimale måten å handsame ugras og tilføre næring på har eg ikkje enno, den vil eg finne, seier Ness.

Foto:Føregangsfylket for økologisk frukt og bær

Innsatsfaktorar viktig

I tillegg til fornying av felt og god næringstilgang, så er reduksjon av skade på frukta viktig for å auke volumet av klasse 1.
- Det er gjerne ikkje dei same skadegjerarane som er problematiske kvart år, eit år kan det vere epleviklar eit anna år sommarfugllarver, seier Tone Ness.
I fjor var epleviklar ei viktig årsak til fråsortering på garden i Gvarv. Særleg gjekk det utover pakkeresultatet for Summerred, 60 prosent av frukta levert til fruktlager vart seld som kl 1 eple. Eplesorten Katja kom betre ut med 87 prosent kl 1 av det som vart levert til lager.

Det er utvikla preparat som er basert på eit virus som finst naturleg. Viruset gjer at epleviklarlarvene vert sjuke og dør. Preparatet vert nytta i økologisk fruktdyrking lenger sør i Europa, og vert no vurdert i Noreg. Alle middel som vert definert som plantevernmiddel må godkjennast av Mattilsynet før det kan nyttast hjå oss.
- Eg veit at det finst virus som drep epleviklar, og at det finst preparat som inneheld dette viruset. Eg skulle yngst at det var tilgjengeleg i Noreg, seier Ness.
Tone Ness var i 2014 med på eit storskalaforsøk for å teste feromonforvirring som er eit anna tiltak mot epleviklar. Dispensarar som heng i trea slepp ut så mykje feromon at hannane vert forvirra og ikkje veit kvar dei skal leite etter hoene. Er ikkje hoene para så legg dei heller ikkje egg som klekkjer.
- Feromonforvirring fungerer ganske godt, men i fjor var nok populasjonen så stor at hannane fann hoer uansett. Då skulle eg ha hatt eit viruspreparat, seier ho.
Epleskurv er den sjukdommen som er viktigast i eple, både for dei som driv konvensjonelt og dei som driv økologisk. Mangel på innsatsfaktorar mot denne sjukdommen er ein av årsakene til at dyrkarar ikkje legg om til økologisk drift. Tone Ness opplever ikkje at skurv er den største utfordringa.
- Eg har gode erfaringar med å bruke bakepulver mot skurv, fortel ho.

Auke volum nasjonalt
Etterspurnaden etter økologisk frukt og bær har auka mykje dei siste åra, og Noreg har alt for lite økologisk frukt til å stette den etterspurnaden. Frå 2013 til 2014 auka omsettinga av økologisk frukt, bær og nøtter med 69 prosent. Mesteparten av omsettinga er i dag importerte varer.
- Eg har vore interessert i økologisk drift heilt sidan eg budde i London på 90-talet, og såg eit stort utval av økologisk matvarer. No er det tilfredstillande å kunne produsere rein mat som forbrukarane vil ha, fortel ho.
Tone Ness har tru på at eit stort fokus på miljø og helse i Noreg gjer at fleire er opptatt av å ete og produsere mat utan syntetiske plantevernmiddel. Ho meiner likevel at dyrkarane må vere sikre på å få gode avlingar og høgare pris for å leggje om.

- Fruktdyrkarane må vere sikre på å få gode avlingar og høgare pris for å leggje om. Med eigna sortar, fornying av felt, rette innsatsfaktorarar og gode prisar kan volumet aukast lokalt og nasjonalt, meiner Tone Ness.

Artikkelen er henta frå: Føregangsfylket for økologisk frukt og bær

> Øko-epledyrkarar som får det til