Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Eng og tingvollkirka

Tilbod om økologisk veiledning i 2015

Økologisk Førsteråd og Gruppebasert rådgiving er tilbod opne for alle interesserte. Økoplan og Rådgivingstimar er tilbod for bruk med tilknyting til Debio.

Ingen av tilboda om økologisk veiledning krev medlemsskap i Norsk Landbruksrådgiving.

Rådgivingstimar

Rådgivingstimar er eit godt tilbod til gardbrukarar som driv økologisk og som har utfordringar i gardsdrifta som dei ønskjer hjelp med.

Gjennom ein avtale kan ein arbeida med jordprøvar/gjødslingsplan, bygningsteknikk, husdyrhald, fôrprøvar/fôrplan eller andre spørsmål. Målet er at gardbrukar skal finna gode løysningar for å lukkast med si bedrift.

For rådgivingstimane skal det settast opp ein skriftleg arbeidsavtale for 5-10 rådgivingstimar gjeldande utfordringar i gardsdrifta. Det er eigendel på kr 150,- pr time.

Gruppebasert rådgiving

Gruppebasert rådgiving er eit tilbod om å delta i felles økologisk produksjonsretta fagsamlingar saman med rådgivar og andre produsentar.

Tilbodet set ikkje krav til deltakar om økologisk drift på garden.

Økologisk Førsteråd

Vurderer økologisk drift på ditt bruk, er ope for alle interesserte, gjeld for alle produksjonar og er uforpliktande og gratis.

Rådgivar frå NLR kjem på gardsbesøk for å diskutera konsekvensane av ei eventuell omlegging til økologisk drift. I etterkant blir det laga ei skriftleg tilbakemelding med dekningsbidragskalkylar.

Økologisk Førsteråd er eit tilbod som gjeld bruk som ikkje er med i Debio-ordninga, eller som er nyinnmelde i Debio.

Foredrag

Dette er eit tilbod om foredrag med tema økologisk landbruk på fagmøte arrangerte av faglag, landbruksskular og andre. 

Økoplan (tidlegare Debio sin driftsbeskrivelse)

Produsentar som søkjer tilknyting i Debio, må sende inn Økoplan før den formelle tilknytinga er fullført.

NLR tilbyr hjelp til utarbeiding av Økoplan. Utarbeiding av Økoplan skal gi bonden auka innsikt og kompetanse om tiltak som er nødvendige for å lukkast med økologisk drift. Økoplan skal i utgangspunktet fungere som ein omleggingsplan med eit 5-årig perspektiv. Utover dei 3 første gratis timane med hjelp til utarbeiding av Økoplan, kan det vera aktuelt med Rådgivingsavtale.

Er du interessert?

Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving Rogaland på tlf 51789180 eller rogaland@lr.no.

Lenker:

Oversikt NLR sine tilbod  for heile landet: http://www.nlr.no/økologisk/