Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Mat

Ny studie finn statistisk sikre forskjellar på økologisk og ikkje-økologisk mat -

I den mest omfattande studien av sitt slag har ei internasjonal ekspertgruppe, leia av Universitetet i Newcastle i England, vist at økologisk dyrka vekstar og mat basert på økologisk dyrka vekstar inneheld opp mot 60 % meir av fleire viktige antioksidantar og lågare nivå av tungmetall, enn konvensjonelt dyrka vekstar.

Forskargruppa analyserte 343 studiar der forskjellar i samansetjinga mellom økologisk og konvensjonelt dyrka vekstar var undersøkt. Dei fann at å gå over til å ete økologisk frukt, grønsaker og korn og mat laga av dette, vil gje eit tillegg av antioksidantar tilsvarande det å ete mellom 1 og 2 ekstra porsjonar frukt og grønsaker dagleg.
Studien, publisert i det prestisjetunge British Journal of Nutrition, viser også at økologiske vekstar har signifikant lågare nivå av toksiske tungmetall. Innhaldet av kadmium, som saman med bly og kvikksølv er dei einaste metalla som Europakommisjonen har sett øvre tillatne forureiningsgrenser for i mat, var nesten 50 % lågare i økologiske vekstar enn i dei som var dyrka konvensjonelt.

Professor Carlo Leifert ved Universitet i Newcastle leia studien, og seier: “Denne studien viser at det å velje mat produsert i samsvar med regelverket for økologisk produksjon kan auke inntaket av ernæringsmessig gunstige antioksidantar og redusere eksponering for toksiske tungmetall”. “Dette gir eit viktig tillegg til informasjonen som i dag er tilgjengeleg for forbrukaren, informasjon som til no har vore forvirrande og i mange tilfelle motstridande”, meiner han.


Nye metodar brukt til å analysere data
Dette er den mest omfattande analysen av næringsstoffinnhaldet i økologisk og konvensjonelt produsert mat til nå, og er resultatet av ein ny og banebrytande, systematisk litteratursamanstilling og meta-analyse utført av den internasjonale gruppa.     
Funna er imidlertid i strid med resultata i en studie bestilt av det britiske mattilsynet (UK Food Standards Agency (FSA)) i 2009, der det ikkje vart funne særlege forskjellar eller signifikante ernæringsmessige fordelar av økologisk mat. Denne studien baserte konklusjonane sine på berre 46 publikasjonar av vekstar, kjøtt og mjølkeprodukt, medan meta-analysen leia av Newcastle er basert på 343 fagfellevurderte publikasjonar om forskjellane i innhaldsstoff i økologiske og konvensjonelle vekstar.
“Hovudforskjellen mellom dei to studiane er tid”, forklarer Leifert, som er professor i økologisk landbruk ved Universitetet i Newcastle. “Forskinga på dette området starta seint, og vi har langt meire data tilgjengeleg no enn for fem år sidan”.
Dr. Gavin Stewart, forelesar i «Evidence Synthesis» og meta-analyseeksperten i forskargruppa, legg til: “Det langt større materialet som er tilgjengeleg for denne syntesen tillét oss å bruke betre statistiske metodar til å trekkje klarare konklusjonar med omsyn til forskjellane mellom økologiske og konvensjonelle vekstar.

Kva betyr funna?
Studien fann at konsentrasjonen av antioksidantar som polyfenolar var mellom 18 og 69% høgare i økologisk dyrka vekstar. Mange studiar knyt antioksidantar til redusert risiko for kroniske sjukdommar, inkludert hjarte- og karsjukdommar, nevrodegenerative sjukdommar og visse krefttypar.
Betydeleg lågare konsentrasjonar av det toksiske tungmetallet kadmium vart også funne i økologiske vekstar (i gjennomsnitt 48 % lågare).
Nitrogeninnhaldet var signifikant lågare i økologiske vekstar. Konsentrasjonen av totalnitrogen var 10 %, nitrat 30 % og nitritt 87 % lågare i økologiske enn konvensjonelle vekstar. Studien viste også at det var fire gonger meir sannsynleg å finne restar av kjemiske plantevernmiddel i konvensjonelle enn i økologiske vekstar.

Professor Leifert legg til: “Debatten om økologisk versus ikkje-økologisk har pågått i fleire tiår. Bevisa frå denne studien er tungtvegande – økologisk mat inneheld meir antioksidantar og mindre tungmetall og sprøytemiddelrestar».
«Men denne studien bør berre vere starten. Vi har utan tvil synt at det er forskjellar i samansetjinga av økologiske og konvensjonelle vekstar. Nå er det på høg tid å gjennomføre vel-kontrollerte intervensjonsstudiar av dietten hos folk og kohortstudiar spesielt lagt opp til å identifisere og kvantifisere helseeffekten av å gå over til økologisk mat».
Forskargruppa bak denne studien ønskjer fortsatt offentleg og vitskapleg debatt om dette viktige teamet. Heile databasen i denne analysen er fritt tilgjengeleg på Universitetet i Newcastle si heimeside (http://research.ncl.ac.uk/nefg/QOF), til nytte for ekspertar og meinigmann.

Studien vart finansiert av EUs 6. rammeprogram for forskning og den engelske Sheepdrove-stiftinga.

Baranski, M. m.fl. 2014. “Higher antioxidant concentrations and less cadmium and pesticide residues in organically-grown crops: a systematic literature review and meta-analyses.” British Journal of Nutrition, doi:10.1017/S0007114514001366