Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Kven blir "Årets leverandør av økologiske produkt" i 2014?

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer både publikum og fagfolk til å kome med forslag på gode kandidatar. Vinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Bioforsk Økologisk og Den Norske Matfestivalen står for utdelinga av denne nasjonale prisen. Vi vonar at det kjem inn mange gode forslag!


Ei av målsetjingane i den økologiske satsinga er å få økologiske varer ut til forbrukarane. Difor er det viktig å setje fokus på produsentar som sel økologiske varer gjennom daglegvarehandelen. Statens landbruksforvaltning finansierer prisen, som er eit flott diplom og eit vakkert bilete.

Dette er det tiande året prisen vert delt ut, og dei tidlegare prisvinnarar er:

 2005 - Rørosmeieriet                           2010 - Økodrift Homlagarden AS

2006 - Trygve og Erna Sundt              2011 - Grøstadgris AS            

2007 - Godt Brød                                2012 - Kjær Gartneri

2008 - Tine BA                                    2013 - Norganic

2009 - Balholm AS                  

 Statuttar for "Årets leverandør av økologiske produkt":

  • Prisen skal delast ut til ein bedrift eller ein person som produserer eller omset norske,

  økologiske produkt.

  • Prisvinnaren skal gjennom arbeidet sitt ha vist at vedkomande forstår heilskapen i den

 økologiske tankegangen.

  • Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre, og halde ein høg standard.
  • Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

 

Juryen er sett saman av fem medlemmer frå følgjande organisasjonar:  Debio,  St. Olavs Hospital, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Oikos, Bioforsk Økologisk. Denne juryen skal vurdere dei ulike kandidatane, og prisen skal delast ut på Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august 2014.

Forslag til kandidatar sendast til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no


Frist for innsending av forslag er 20. juni 2014.

Forslaget må vere grunngjeve og innehalde fylgjande informasjon:

  • Namn/firmanamn og adresse til kandidaten.
  • Kort omtale av produkt og firma.
  • Namn og adresse på innsendar.

 

Kontaktperson for kåringa av "Årets leverandør av økologiske produkt" er rådgjevar Kirsti Indreeide ved Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. fmmrkiin@fylkesmannen.no Telefon 71258143