Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Gode råd om drenering

Nytt hefte tek føre seg praktiske problemstillingar rundt drenering på Sør- og Vestlandet.

Etter ein lang periode med lite aktivitet innafor grøfting/drenering av jordbruksjord, er det no sterkare fokus på området. Norsk matproduksjon skal aukast på same tid som utsleppa frå landbruket til vatn og luft skal reduserast. Ved auka arealproduktivitet vil det vere mål om større avlingar utan at det trengst nyttast meir av gjødsel. Betre dreneringstilstand og mindre pakking av jorda er då viktige agronomiske punkt. Dette krev auka innsats rundt desse fagspørsmåla og at kunnskap om emnet vert gjort tilgjengeleg.

Frå september 2012 til februar 2013 vart det publisert ein artikkelserie om drenering og nærståande emne i Bondevennen. Desse artiklane er no sett saman til fagheftet ”Drenering – Teori og praksis”. Artiklane tek føre seg praktiske problemstillingar rundt drenering, særleg på Sør- og Vestlandet. Kunnskap om jord, vatn og luft i jord og jordarbeiding er viktige fagemne i heftet. Attåt tradisjonell grøfting er det fokusert på korleis ein leier bort overflatevatn og sigevatn, både frå kringliggjande område og frå det aktuelle jordbruksarealet. Omgraving, som er ein nyare dreneringsmåte, profilering av areal og anna terrengutforming er også omtala. Vinteruttynning og utgang av eng har dels samanheng med vêrmessige årsaker og jordfysiske tilhøve. Heftet tek føre seg tiltak for å redusere fåren for vinterutgang som følgje av skiftande vintervêr med store mengder vatn og is på jordbruksareal. Forfattarane av artiklane er fagfolk i Bioforsk, Norsk Landbruksrådgjeving, NILF, offentleg forvalting og bønder.

Bioforsk Vest Fureneset har i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland og Bondevennen koordinert arbeidet med artiklane og heftet. Arbeidet er økonomisk støtta av Statens landbruksforvaltning gjennom klimamidlar og av alle fylkesmennene på Sør- og Vestlandet. Dreneringsheftet er sendt til alle gardbrukarane i regionen. Vi håpar at det vil føre til auka interesse for og kunnskap om drenering blant bøndene, slik at dreneringsaktiviteten aukar og at resultata etter dreneringstiltaka vert gode.

Last ned heftet her