Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

I fjor var det Kjær gartneri i Vestfold som fekk prisen.

-Foreslå årets leverandør av økologiske produkt

No er tida inne for å finne "Årets leverandør av økologiske produkt" for 2013, og vi inviterer publikum til å komme med forslag på gode kandidatar. Prisvinnaren blir kåra under Den Norske Matfestivalen i Ålesund i august.

Den Norske Matfestivalen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Bioforsk Økologisk står for utdelinga av prisen "Årets leverandør av økologiske produkt".

Vi vonar at det kjem inn mange gode forslag på verdige kandidatar. Ein jury sett saman av personar frå ulike organisasjonar vil vurdere dei ulike kandidatane, og prisen skal delast ut på «Dagligvaredagen» under Den Norske Matfestivalen i Ålesund, 22. august 2013.

www.matfestivalen.no

Eit særs viktig poeng i den økologiske satsinga er å få dei økologiske varene som blir produserte ut til forbrukarane. Difor er det interessant å få fram kandidatar som sel økologiske varer i hovudsak gjennom daglegvarehandelen. Statens landbruksforvaltning finansierer prisen, som er eit flott diplom og eit vakkert bilete.

Dette er det niande året prisen vert delt ut, og nokre av dei tidlegare prisvinnarar er:

Rørosmeieriet (2005), Trygve og Erna Sundt (2006), Godt Brød (2007), Tine BA (2008), Balholm AS (2009), Økodrift Homlagarden AS (2010), Grøstadgris AS (2011) og Kjær Gartneri (2012).

 


Statuttar for "Årets leverandør av økologiske produkt":

-Prisen skal delast ut til ein bedrift eller ein person som produserer eller omset norske,

  økologiske produkt.

-Prisvinnaren skal gjennom arbeidet sitt ha vist at vedkomande forstår heilskapen i den

 økologiske tankegangen.

-Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre, og halde ein høg standard.

-Produkta skal i hovudsak seljast gjennom daglegvarehandelen.

Juryen har medlemmer frå følgjande organisasjonar:
·     Debio
·     St Olavs Hospital
·     Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/landbruksavdelinga
·     Oikos
·     Bioforsk Økologisk

Forslag til kandidatar kan sendast til kirsti.pernille.indreeide@fylkesmannen.no

Frist for å komme med forslag er 30. juni 2013.