Fôrdyrking & beite

-Kjenn enga di!

Gardbrukarane kan spare utgifter til kunstgjødsel ved å ha riktig mengd kløver i enga. Det seier rådgjevar Grete Lene Serikstad og seniorforskar Sissel Hansen ved Bioforsk Økologisk. No lanserer dei eit opplegg der du kan teste deg sjølv i å vurdere kor stor del kløver det er i enga.

- For økologisk landbruk er kløver heilt avgjerande for å få tilført nok nitrogen til jorda, spesielt der det er lite tilgang på husdyrgjødsel, seier Sissel Hansen. I konvensjonell drift kan belgvekstar redusere utgiftene til nitrogengjødsel, gi betre grovfôr og gjere vekstskiftet meir allsidig, legg Serikstad til.

- Det er også mykje som tyder på at kløver i fôret til dyra gjer at kvaliteten på mjølk og kjøtt blir betre, fortel Hansen. Klikk på bildet for å ta testen.

Med bilete og fasiten kan du øve deg på å bestemme kløverprosenten. Foto: Sissel Hansen, Bioforsk.

Gå ut og sjå ned

For å kunne vite kor mykje nitrogen kløveren bind, må vi vite kor mykje kløver det er i enga. Den enklaste måten å gjere dette på er å gå ut i enga og vurdere innhaldet av kløver. Det er ikkje alltid enkelt, og krev ein god del erfaring for å treffe rett, seier Hansen.

For å gjere det lettare, og lage gode overslag på kløverprosent og kor mykje nitrogen som blir bunde, har Bioforsk Økologisk laga eit treningsopplegg bygd på bilete av eng med kjent mengd avling og kløverprosent.

- «Fasiten» kjem først fram etter eit ekstra klikk, slik at det er muleg å øve seg på kvart bilde. Vi håpar gardbrukarane, rådgivarar, studentar og andre interesserte har nytte av testen vår, seier Serikstad og Hansen.

Biologisk nitrogenbinding

Kløver og andre belgvekstar har den unike eigenskapen at dei kan binde nitrogen frå lufta, ved hjelp av bakteriar i knollar på røtene. Dette blir kalla biologisk nitrogenbinding eller biologisk nitrogenfiksering.

Prosessen foregår ved hjelp av energi frå sola, og er ein viktig del av det globale nitrogenkretsløpet. På verdsbasis blir rundt 40 millionar tonn nitrogen bunde på denne måten i jordbruket kvart år. Til samanlikning blir det produsert cirka 90 millionar tonn nitrogen i kunstgjødsel kvart år. I desse prosessane blir det inaktive nitrogenet i lufta omdanna til biologisk aktivt nitrogen, som planter, dyr og menneske kan nyttiggjere seg.

- Ein auke i mengda biologisk aktivt nitrogen kan også skape miljøproblem, seier Serikstad, og legg til at vi må lære å kontrollere nitrogenstraumane best muleg for å unngå forureiningsproblem.

- Utan kløver eller andre belgvekstar blir det inga nitrogenbinding, seier Hansen. - Det er derfor viktig å legge til rette for at kløveren trivst.

Det er viktig å unngå sur jord, pakka jord og vassjuk jord. Det er også viktig å unngå for sterk gjødsling med nitrogen. Da går kløveren ut. Blir det for lite næring i jorda, og mangel på viktige plantenæringsstoff som fosfor, kalium og svovel, går kløveren også ut. Ein del kløver vil uansett dø i løpet av vinteren, og det finst i dag teknikkar for såing av kløver i eng som elles er god, men der kløveren er gått ut. Det er sjeldan nødvendig å smitte kløver med dei rette bakteriane, rhizobiumbakteriar, da dei finst naturleg i jorda.