Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

-Vil ha større tomatmangfald

I skuggen av dei kommersielt dyrka veksthustomatane finst det ein rik underskog av tomatsortar som passar hobbygartnarar og nisjeprodusentar – og som kan vere interessante for økologisk produksjon, skriv www.bioforsk.no

Om lag 20 tomatsortar har vore med i eit økologisk sortsforsøk i regi av Bioforsk Økologisk, med det føremålet å synleggjere mangfaldet for småskalprodusentar. Forsøket er gjort på sortar som er relativt nye i Noreg, og fleire av dei er såkalla villsortar eller gamle sortar, som blir dyrka for utsjånaden og smaken heller enn for størst mogleg avling.

- Vi meiner det er spennande å få fram kor mange ulike sortar som finst, forklarer prosjektleiar Susanne Friis Pedersen ved Bioforsk Økologisk til www.bioforsk.no.

Les heile saka på www.bioforsk.no her

Les også: Temaark om tomat og agurk