Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Kjær gartneri produserer økologiske smakstomater.

-Vestfold-gartneri fekk øko-pris

Kjær Gartneri i Vestfold vart  kåra til Årets leverandør av økologiske produkter. Landbruksdirektør  i Møre og Romsdal Anne Berit Løset delte ut prisen på Matfestivalen i Ålesund.

Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som saman med Bioforsk Økologisk og Den norske matfestivalen står bak prisen. Kjær Gartneri er ei familiebedrift med lange tradisjonar innan produksjon og sal av grønsaker av høg kvalitet. Bedrifta er gradvis lagt om til økologisk drift frå 1990-talet. I dag er produksjonen spesialisert inn mot cherrytomatar. Drivaren Martin Danielsen tok imot prisen, sa i sin takketale at han er svært glad for utmerkinga og at dette er motivasjon til å produsere endå meir smakfulle tomatar til den norske forbrukaren.

Drivar Martin Danielsen ved Kjær gartneri.

 I sin grunngjeving seier juryen mellom anna dette om vinnaren:

«Bedrifta har sterkt fokus på smak og smaksopplevingar. Produksjonen er i dag spesialisert på cherrytomat, og innafor cherrytomat er produksjonen spissa mot sortar med ekstra gode smakseigenskapar. I tillegg er produksjonsmetodane lagt opp på ein slik måte at det fremmar utviklinga av god smak i produkta. Cherrytomaten blir dyrka i jord med næring frå eiga husdyrgjødsel, i motsetning til dyrking i vatn med næringsoppløysing eller mineralull, som er vanleg i konvensjonell dyrking. Cherrytomaten blir også modna på planta, noko som, i følgje Danielsen, er heilt nødvendig for å få fram den gode smaken. Desse dyrkingsmetodane er utfordrande med tanke på å unngå skader under plukking og transport, og lagringstid for modne produkt. Det krev rask nedkjøling og rask transport av produkta ut til butikk.
Kjær Gartneri har bygd opp ein produksjon der det blir teke omsyn til alle desse faktorane, og leverer eit godt, smakfullt produkt til forbrukarar over store deler av landet gjennom avtalar med daglegvarekjeden Coop, og gjennom Meny og Spar i Vestfold.»

www.cherrytomat.no