Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

-Sogn Jord- og Hagebruksskule har ledig plass

Sogn Jord- og Hagebruksskule melder om at dei enno har ledige plasser i haust. Er du interessert i å få et nærare forhold til naturen og forstå dei underliggande, økologiske prosessane? Da er Sogn Jord- og Hagebruksskule plassen for deg.

Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som undervisar i økologisk landbruk. Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet, og heile garden er økologisk driven.

Dei har tilbod om: Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk. Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2. Vg3 Landbruk, økologisk. Nasjonal læreplan for programfaga på Vg2

Alle læreplanmål er tilpassa økologisk landbruk. Du kan lesa meir om dei ulike programområda på vilbli.no

SJH tilbyr ikkje Vg1 Naturbruk. Dette må elevane ta på ein annan skule fyrst eller dei må ha tilsvarande kompetanse.

Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.

Det er laga ein film om skulen og noko av det ein opplev gjennom sommarhalvåret som elev. Opptaka er frå tverrfaglig eksamen for vg2 og under sommarkurset 2012.

Gjennomsnittsalderen bruker på skulen å ligg på 24 år. Sidan Sogn Jord- og Hagebruksskule  tibyr landslinje tek ein inn søkarar frå heile landet.

Sjå sjh.no