Emne
Mange forbrukarar ønskjer å kjøpa usprøyta bringebær.Foto: Anita Land, Bioforsk Økologisk

Bringebærdyrking i økologisk landbruk-

Bringebærdyrking er på frammarsj i Noreg. Det er rom for auke i den økologiske produksjonen av bringebær. Mange forbrukarar ønskjer å kjøpa usprøyta bringebær.

Bringebærdyrking i økologisk landbruk er agronomisk utfordrande og ein må normalt rekne med litt lavare avlingar enn i konvensjonell dyrking. I dette Bioforsk FOKUS, skreve av Arnfinn Nes, Torbjørn Takle og Grete Lene Serikstad er det lagt vekt på dyrkingsteknikk, sortar, gjødsling, plantevern og regelverk for økologisk bringebærdyrking. Mykje er likevel likt med annan bringebærdyrking, og interesserte kan finne meir kunnskap i lærebøker og tidsskrift om jordbær.

Heftet omhandlar tema som klima, blomstring og pollinering, sortar, gjødsling, skjering og oppbinding, ugras, skadedyr og sjukdommar, dyrking i plasttunnel  og regelverk for økologisk dyrking.

Forfattarar: Arnfinn Nes, Torbjørn Takle og Grete Lene Serikstad
Utgitt av Bioforsk med støtte frå Statens Landbruksforvaltning
Bioforsk Fokus vol 7 nr 8 2012
ISSN: 0809-8662
ISBN: 978-82-17-00904-7

Last ned gratis: Bioforsk Fokus Vol 7 Nr.8 2012 (3 MB)

BRINGEBÆRDYRKING-web.pdf