Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

-Jordbærdyrking i økologisk landbruk

Mange forbrukarar ønskjer å kjøpa usprøyta jordbær og det burde derfor vere rom for ein vesentleg større andel økologisk jordbærproduksjon her i landet. Jordbær er den viktigaste bærveksten i Norge, men økologiske produksjonen utgjer ein svært liten del.

Økologisk jordbærdyrking er agronomisk krevjande og ein må normalt rekne med litt lavare avlingar enn i konvensjonell dyrking. I dette Bioforsk FOKUS  skreve av Aksel Døving, Arnfinn Nes og Grete Lene Serikstad er det først og fremst lagt vekt på særskilde dyrkingsteknikkar, tiltak og regelverk for økologisk jordbærdyrking. Det meste er likevel likt med annan jordbærdyrking, og interesserte kan derfor finne utfyllande kunnskap i lærebøker og tidsskrifter om jordbær.

Tema som klima, gjødsling , vatning, sortar, planter, planteoppal, planting, dyrkingsmåtar, ugras, skadedyr, sjukdommar , hausting, lagring, omsetning og regelverk for økologisk produksjon blir omtala i heftet.

Bioforsk I Vol. 7 I Nr. 4 I 2012 web.pdf

{F6AA7E35DF5C}

{F6AA7E35DF5C}