Husdyrhald & fôring
Norske regler for dyretetthet krever 4 dekar spredeareal per gjødseldyreenhet, og for gris regnes en dyreenhet som 18 slaktegriser eller 2,5 avlspurker (Foto: Grøstadgris).

-Naturleg åtferd

I økologisk husdyrproduksjon legg ein stor vekt på å leggje til rette for at dyra skal kunne utøve naturleg åtferd. Men kva er naturleg åtferd? Om ein tenkjer på at ein i økologisk landbruk skal etterlikne økologiske kretsløp og ha naturen som mal, vil naturleg åtferd kunne definerast som den åtferda som eit dyr normalt utfører i ein for arten naturleg biotop.

Gjennom mange år med avl på ulike eigenskapar hos husdyra våre har det skjedd store endringar med tanke på utsjånaden til dyra. Til dømes har ein i dag ein stor del kolla dyr (dyr naturleg utan horn), kyrne er nesten dobbelt så store som dei første kyrne, og jura er mykje større. Åtferda er derimot lite endra. Slepper ein griser ut i ein skog, vil dei med ein gong begynne å rote i jorda etter mat, og oppføre seg på liknande måte som villsvin. Årsaka til dette er at utsjånaden blir styrt av få genar, mens åtferda blir bestemt av mange ulike faktorar. Det er derfor vanskeleg å avle for endra åtferd.

For å kunne leggje til rette for naturleg åtferd i husdyrproduksjonen må ein skaffe seg kunnskap om kva som er normal åtferd for eit dyr som er i sin naturlege biotop. Deretter må ein vurdere korleis ein kan tilpasse miljøet til dyra og drifta av garden på best måte.