Fôrdyrking & beite

Definisjonar og forklaringar på fôrkvalitet-

Når det blir prata eller skreve om kvalitet på grovfôr eller surfôr blir det ofte brukt mange forkortingar. Forklaring på dei mest brukte forkortingane finn du her.

 

  • Energi. Fôrets energiinnhald vert målt i megajoule (MJ). Framleis vert også fôreining mjølk (FEm) brukt som mål på energiinhaldet i fôret til drøvtyggarar, og 1 FEm er det same som 6,9 MJ.
  • AAT er aminosyrer absorbert i tarmen og eit mål for proteinbehovet til drøvtyggaren.
  • PBV står for proteinbalansen i vom. PBV viser balansen mellom protein i fôret som kan brytast ned og mikrobeprotein bygd opp i vomma.
  • NDF er nøytral løyseleg fiber og eit uttrykk for fibermengde i fôret
  • iNDF er ufordøyeleg NDF, det vil seie fiber som ikkje kan nyttast av dyret. Ufordøyeleg fiber kjem alltid igjen i møkka.
  • Fylleverdi. Fôret fyller fysisk opp vomma i forhold til kua sin opptakskapasitet. Fylleverdi er eit mål på kor mykje fôret fyller opp vomma. Alle fôrmidlar har ein fylleverdi (FVL). Høg fylleverdi betyr at det blir mindre plass til fôr i vomma.
  • Fôropptakskapasitet = tørrstoffopptak x fylleverdi
  • Vombelastning er forholdet mellom melta mengde sukker + stivelse og total mengde NDF i rasjonen. Forholdet bør ikkje vera over 0,6. Høg vombelastning fører til sur vom
  • Gjæringskvalitet er et mål på kor godt surfôret er konservert.
  • TS er tørrstoff, den delen av fôret som ikkje er vatn.
  • FEm/kg TS er foreiningskonsentrasjonen til fôrmiddelet, fôreiningar per kg tørrstoff.
  • Aerob kallar ein biologiske prosesser som berre kan skje når det er fritt oksygen til stades.
  • Anaerob betyr “ikkje oksygenkrevande” og vert brukt i biologien om nedbrytingsprosessar som kan skje utan oksygen, eller om organismar som kan leve i miljø utan oksygen.
  • Fakultativt anaerob kallar ein organismar som kan leve både med og utan oksygen. Anaerob respirasjon er ein ufullstendig forbrenning.
  • Koliforme bakteriar er organismar som er til stades i miljøet og i avføringa til alle varmblodige dyr og menneske.