Fôrdyrking & beite

-Godt grovfôr

Drøvtyggarar og hestar er skapt for å ete grovfôr. Dersom grovfôret er godt, kan det dekke ein stor del av næringa som dyra treng. Grovfôret er basis i norsk mjølkeproduksjon, i kjøtproduksjon på storfe og sau og i hestehald.

Med grovfôr tenkjer ein vanlegvis på surfôr og høy, men grønfôr og rotvekstar vert også ofte rekna med til denne gruppa.

Eit av prinsippa i eit økologisk driftsopplegg er at fôringa i størst mogleg grad skal vera bygd på ressursane som er tilgjengeleg på garden. Fôret til drøvtyggarar skal vera grovfôrbasert. I eit økologisk driftsopplegg skal også gris og fjørfe ha tilgang på grovfôr.

Med eit godt grovfôr kan ein sleppe å bruke mykje kraftfôr til drøvtyggarane. Sjølv om regelverket for økologisk landbruk tillater ein stor del økologisk kraftfôr i den daglege fôrrasjonen, treng ein ikkje å legge opp til slik fôring i praksis. Med god planlegging, kan ein styre mot å få grovfôrkvaliteter som passar til ulike fasar, og ulike dyregrupper gjennom året. Dette vil vere god ressursutnytting.

Når det er snakk om god grovfôrkvalitet omfattar det både forhold som påverkar næringsverdien (energi, AAT – aminosyrer absorbert i tarmen, PBV-proteinbalansen i vomma) og eigenskaper ved grovfôret som påverkar opptaket hos dyret (fylleverdi og gjæringskvalitet).

Det er ein rekke faktorar som påverkar kvaliteten på grovfôret. Etablering av enga, gjødsling, ugraskontroll, haustetidspunkt og konservering er alle viktige faktorar som alle er med og påverkar kvaltiteten i grovfôret.