Husdyrhald & fôring

God dyrevelferd-

Kva som skal til for at eit dyr har eit godt liv, og kva dyrevelferd betyr i praksis, vil variere, avhengig av kva etisk tilnærming ein har

Det vil seie kva verdiar ein legg til grunn for handlingane sine og for husdyrhaldet. Forskarar og filosofar har diskutert i fleire tiår for å komme fram til ein definisjon på kva god dyrevelferd er, men i dag er ein ganske einige om at dette ikkje er mogleg fordi omgrepet inneheld ein viktig «verdikomponent». I lov om dyrevelferd står det at dyr har ein verdi i seg sjølve, uavhengig av nytteverdien dei har for menneske. Ein skal gjere vel mot dyr og verne dei mot fare for unødige påkjenningar og press.