Husdyrhald & fôring
Foto: Håvard Steinshamn

Raser og bruksområder

Det blir ofte reist spørsmål om vi treng andre typar dyr i økologisk landbruk enn dei vi avlar for i resten av landbruket. Dette er avhengig av om miljøet i økologisk landbruk er annleis enn i resten av landbruket, slik at andre dyr vil trivast og produsere betre her enn dei vi har avla fram før. Det er også avhengig av om vi i økologisk landbruk stiller andre krav til eigenskapar til dyra slik at vi må utvikle dyra i ei anna retning og dermed ha eit heilt anna avlsmål.

Det er viktig å velje rase ut frå kva ressursar ein har på garden, og kva driftsform ein ønskjer. Er formålet for eksempel mjølkeproduksjon med osteproduksjon på setra og stor grad av beiting i utmark kan ein vurdere ein annan storferase enn om ein har nybygd robotfjøs med beiting berre på innmark. Fôrgrunnlaget, type jord, tilgang til beite, bygningsmasse, klima og driftsopplegg er viktige faktorar som må vurderast før ein vel rase. Å velje den rasen som er best tilpassa gardens ressursar vil også være eit viktig sjukdomsførebyggande tiltak som står sentralt i økologisk landbruk.

Miljøskilnadene mellom ulike økologiske bruk kan vere minst like store som skilnadene mellom økologiske og konvensjonelle bruk. Likevel vil regelverket, mål og prinsipp for økologisk produksjon sette krav til produksjonsmåte og miljø som gjer at ein i utgangspunktet kan få stor forskjell mellom produksjonsmåtane. Dette gjeld kanskje særleg kravet om tilgang til uteareal for einmaga dyr i økologisk produksjon.

I økologisk husdyrhald kan vi for dei fleste dyreslaga kort oppsummere at vi ønskjer:

  • Dyr som produserer matvarer, ull og huder som vi treng, med best mogleg utnytting av lokale fôrressursar
  • Dyr som produserer matvarer med god kvalitet med omsyn til ernæring, smak og konsistens, og som ikkje inneheld skadelege restmidlar
  • Dyr med god helse, funksjon og livskvalitet i eit miljø som er naturleg for dei
  • God fruktbarheit og gode brukseigenskaper
  • Redusert forbruk av fôrslag som matkorn, som kan brukast som mat for menneske

 

Les mer:

EU-prosjektet Network for Animal Health and Welfare in Organic Agriculture (NAHWOA 1999-2001) hadde eit eige arbeidsmøte med temaet avl og fôring for dyrehelse og velferd i økologisk husdyrsystem:

http://www.veeru.rdg.ac.uk/organic/FINALProceedingsEdited.pdf

LowInputBreeds er kortnamnet til prosjektet “Development of integrated livestock breeding and management strategies to improve animal health, product quality and performance in European organic and ‘low input’ milk, meat and egg production” som går over fem år (2009 – 2014):

http://www.lowinputbreeds.org/

Nyheitsbrev frå LowInputBreeds:

http://www.lowinputbreeds.org/fileadmin/documents_organicresearch/lowinputbreeds/Newsletter-no-2.pdf