Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

-Grøstad gris vart årets økoleverandør

- Dette var moro, seier dagleg leiar ved Grøstad gris, Hans Runar Knapstad. Firmaet fekk leverandørpris på årets daglegvaredag under Matfestivalen i Ålesund. Det er sjuande året på rad at ”Årets leverandør av økologiske produkt” blir kåra.

 

I grunngjevinga til juryen heiter det: "Grøstad gris AS driv spesialproduksjon av økologisk frilandsgris, og er i sterk vekst. Dei driv på dyra sine premissar. Dyrevelferd, kvalitet og rein økologisk mat er overordna krav i produksjonen. Prisvinnaren arbeider kontinuerleg med utvikling. Dei er aktive i profilering av økologisk mat og har Ø-merket godt synleg på produkta."

 

Hans Runar driv verksemda saman med kona Gry Beate Knapstad og ti tilsette. Dei driv sjølv med gris på garden, men tek imot gris frå tre andre gardar også. Grøstad ligg i Re kommune i Vestfold.

Steg inn i framtida

 - Vi har ein omsetningsauke på 13 % hittil i år  fortel Hans Runar Knapstad.

 - Salet aukar stadig, men økomarknaden veks sakte. Vi held sterkt fokus på smak og dyrevelferd, og er i ferd med å samle produksjonen på ein stad.

  - Frå å produsere på fire ulike stader, planlegg vi no å bygge eit nytt produksjonsanlegg på garden. Det vil vere på 1500 m2, og der vil vi også ta imot kjøt frå kalv og storfé frå ein bestemte rase. Vi har ennå ikkje bestemt kva for rase vi vil satse på, men reknar med å teikne kontrakt med rundt 15 - 20 bønder. Dette gjer vi for å ta eit steg inn i framtida, seier Hans Runar Knapstad.

 

 Dei har nyleg selt pølsemakeriet, for å samle alt på ein stad.

 -      Vi vil også opne ein kafé og ein butikk på garden. Da vil folk kunne sjå korleis grisen har det, og vere trygge på at det dei får frå oss er ekte. Vi tror denne reklameeffekten  vil gi meir sal i de butikkene vi leverer til.

 Vi satsar på å opne butikk og kafé i 2012, seier Knapstad.

 Grisene på Grøstad gard har ekstra uteareal, slik at dei alltid kan gå på grønt gras. På det viset har ein gått litt lenger enn det regelverket for økologisk produksjon krev.

  - Smak, dyrevelferd og økologisk er det vi satsar på, seier Hans Runar Knapstad, som er glad for å bli sett pris på.

 Grøstad gris AS leverer i dag økologiske produkt til Jacobs, Centra, Ultra, Meny, ICA, Coop og i spesialforretningar, catering og hotell.

  Juryen har i år bestått av representantar frå Debio, Bioforsk Økologisk, St. Olavs Hospital, og frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og blir finansiert av Statens Landbruksforvaltning. Dei vurderte 15 kandidatar til årets pris. Sjølve prisen er eit litografi av kunstnaren Runi Langum. Litografiet heiter ”Møte med mot”, og skal få ein fin plass til inspirasjon for alle på Grøstad gård i Vestfold.

>> www.grostadgris.no

Økologisk frilandsgris på Grøstad gård.

{F6AA7E35DF5C}

Grøstad gris AS driv spesialproduksjon av økologisk frilandsgris. Det vil seie at grisene har eit stort grønt areal å boltre seg på.