Fôrdyrking & beite

Konservering-

Gras og belgvekstar er fundamentet i mjølk- og kjøtproduksjon på drøvtyggarar i Noreg. For å ha godt fôr til dyra utover hausten og vinteren må graset konserverast på ein god måte.

Dei to mest brukte metodane for konservering i Noreg er ensilering og tørking av høy. Regnfullt ver i haustetidsperioden er eit stort stressmoment for gardbrukarane. Ved høyberging og totrinns ensilering er verforholda og verutsiktene avgjerande, for kvalitetstapet kan bli stort ved lang tørketid ute.

Kvaliteten på fôret vil i tillegg til veret under hausting avhenge av haustetidspunkt. Tidleg hausta fôr gir høgt næringsinnhald, men blir det for tidleg går avlingane ned. Det vil derfor være eit skjæringspunkt mellom haustetid og avlingsmende som den enkelte gardbrukar må ta stilling til. Det er fleire faktorar som vil vere avgjerande for val av haustetid. Dette kan du lese meir om under val av haustetid. Uansett haustetidspunkt er det viktig å ta vare på fôret gjennom ei vellukka konservering.

Les meir:

>> Haustetidspunkt i eng

>> Konsekvensar av haustetidspunkt for avling og kvalitet

>> Økologisk grovfôrdyring - Gode erfaringer fra demonstrasjonsgarden på Særheim