Fôrdyrking & beite

Haustetidspunkt i eng-

Val av slåttetid avhenger av kva fôret skal brukast til. Skal det brukast til mjølkekyr og geiter med høg avdrått, må graset slås tidlig. Brukt til ungdyr og ammekyr kan eit seinare slåttetidspunkt gi eit fullgodt fôr. Sauene har størst krav til konsentrert fôr rundt lamming, elles kan de klare seg med gras som er slått på et litt seinare stadium. Næringsinnhaldet i konservert og lagra fôr avhenger først og fremst av næringsinnhaldet i plantene ved hausting.

Val av haustetidspunkt

Det er mange faktorar som verkar inn på valet av haustetid:

  • Behov for avling. Dette avhenger mellom anna av: Produksjon, dyretal og arealtilgang
  • Behov for kvalitet. Kva dyreslag skal fôret brukast til?
  • Konserveringsmetode - høy, surfôr, rundballar
  • Innhald av belgvekstar
  • Ver- og vekstforhold  
  • Jordforhold. Tørre forhold er best for å unngå kjøreskade og jordpakking
  • Haustekapasitet, mekaniseringslinjer og tilgang på arbeidskraft
  • Når naboen haustar kan være ein stressfaktor, men bør sjølvsagt ikkje vere avgjerande

 

Kvaliteten ved slått avhenger mykje av haustetid i forhold til utviklingsstadiet til graset, og ut frå morfologisk utviklingsstadium vert tidleg, normal og sein haustetid definert slik:

  • Tidlig haustetid: Omlag 1 veke før begynnande skyting
  • Normal haustetid: Omlag 1 veke etter begynnande skyting
  • Sein haustetid: Ved begynnande blomstring

 

 Ung og gamal eng skyt ulikt

 Når ein skal vurdere haustetidspunkt er det viktig å vere klar over at ung og gammal eng skyt ulikt:

  • Begynnande skyting i eldre eng: Når nokre få (2-10) strå per m2 har skutt, eller når omlag 10 aks er heilt utvaksne. Dette er tilnærma riktig i eldre ujamn eng. Dersom det er fleire grasartar i enga, tek ein mest omsyn til den grasarten det er mest av
  • Begynnande skyting i ung eng: I ung eng (2-4 år) som er dominert av timotei, kjem mange aks samtidig, frå 0 til 100 på få dagar. Dersom ein då venter til det er 10 planter med heilt utvaksne aks over øvste blad, har vi dårlegare fôrkvalitet enn kva vi tenkjer på ved byrjande skyting. I slik eng vert byrjande skyting definert som “når ein del av akset er synleg på minst 10 % av skota
  • Grasarter skyter stort sett i denne rekkjefølgja: Engrapp – hundegras – raisvingel – engsvingel – fleirårig raigras – timotei. Stort innslag av engrapp i enga tilseier dermed tidlegare slått enn eng som inneheld berre timotei.

 

Utviklingsstadium hos gras

Skala fra Inst. for norrländsk växtodling Röbäcksdalen, Umeå (modifisert)

            1                        2                        3                  4                   5                                                                              

1: Blad, berre blad og forlenga bladslirer

2: Stengelstrekning. Minst eit synleg kneledd på minst 50 prosent av plantane

3: Begynnande skyting. Ein del av akset er synleg på minst 10 prosent av skota.

4: Skyting. Halve akset er synleg over flaggbladet på minst 50 prosent av skota.

5: Full skyting. Ein del av det aksberande strået er synleg mellom flaggbladet og akset på minst 50 prosent av skota.

Temperatur og skyting

Tida som går frå byrjande skyting til full skyting er temperaturavhengig, og det kan gå frå 1 til 3 veker. Dette er også den perioden i planteveksten kor kvaliteten fell raskast, energiverdien kan falle frå 0,90 til 0,85-0,80 FEm/kg TS i løpet av ei veke. Samtidig fell proteinverdien og fiberinnhaldet aukar tilsvarande, så kvaliteten på enga og grovfôret kan fort verta mykje redusert.

Stubbhøgde

Stubbhøgde på 10 cm vil være gunstig for engvekstane sin gjenvekst og overvintringsevne, men noko av avlinga blir då stående igjen på jordet. Stubbing ned mot for eksempel 5 cm, vil gi mindre avlingstap. Faren ved så låg stubbing er at særleg timotei og hundegras kan gå fortare ut. Dersom overflaten er veldig jamn, kan man stille hausteredskapene lågare enn om den er ujamn. Det er viktig å unngå at deler av enga blir snaubarbert. Svært låg stubbing kan gi forureining ved at jord og gjødselrestar blir med i fôret. I dei fleste høve bør stubbhøgda være mellom 5 og 10 cm.

Timotei og haustetidspunkt

Timotei bør slåast ved aksskyting. Hos gras som utviklar seg raskare og har bladfattige strå (hundegras, engsvingel, engelsk raigras), aukar trevleinnhaldet raskt. Viss enga består av slike grasarter, bør den slåast seinast ei veke etter begynnande aksskyting hos den dominerande arten. Timotei kan skades og gå ut av enga dersom den første slåtten er tidlig og neste hausting skjer når arten er på et tidlig utviklingsstadium.

Kløver og haustetidpunkt

Tidlige kløversortar bør være i begynnande blomstring, og seine kløversortar i tidlig knoppstadium. Dei norske rødkløversortane (som «Nordi» og «Lea») er seine sortar, medan dei svenske sortane «Betty» og «Bjursele» er tidlige. Ved seinare slått forringes kløverens kvalitet ved at andelen blader avtar og andelen stilk aukar. Luserne har høg næringsverdi og høgt innhald av protein på blomsterknoppstadiet. Innhaldet av mineraler er også høgt, særlig kalsium.

Kløverartane har lågare fall i energi- og proteinverdien enn gras i tida etter skyting. Med mykje kløver vil innhaldet av protein (PBV) halde seg betre oppe med utsett slått. Men kvaliteten på graset går raskare ned, og ved sein hausting er timotei den grasarten som høver best saman med kløver samanlikna med grasartar som hundegras, fleirårig raigras og engsvingel.

Les meir:

>> Kløver-motoren i økologisk fôrdyrking 

>> Kløver med vekt på nitrogenforsyning, avling, kvalitet og fôring

>> Kvalitetstvikling i gjenvekst etter førsteslått

>> Raigraseng eller timoteieng?

>> Kløver: Effekt på fôrkvalitet, fôropptak, produksjon og mjølkekvalitet