Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
NORSØK
6630 Tingvoll
Telefon: +47 930 09 884
e-post: agropub@norsok.no Redaktør: Anita Land
Fagredaktør: Grete Lene Serikstad

økofunn

Om lausdrift og båsfjøs med meir.

ØKOLOGISK DYREVELFERD: I Forskrift om hold av storfe er det slått fast at det skal innførast lausdrift for storfe. Kravet gjeld for nybygg, medan det for eksisterande båsfjøs er gjeve dispensasjon til 2024. I særlege tilfelle kan det også gjevast ytterlegare dispensasjon. Regelverket er altså ikkje slik at alle konvensjonelle kyr i dag har krav om lausdrift, medan økokyr i små besetningar står på bås.

Heilt sidan 1.1.2001 skal nybygg for økologisk produksjon ha vorte bygdsom lausdriftsfjøs. Generelt krav om lausdrift for økologiske kyr kom i 2005, men storfe i bygningar oppført før 24. august 2000 har hatt unntak frå kravet til 1.1. 2011. Altså er kravet om lausdrift gjort gjeldande 13 år tidlegare enn for konvensjonelle bruk.  Besetningar under 35 kyr har fått dispensasjon inntil vidare, men alle økologiske besetningar har krav om mosjon og utegang. Lufting skal i utgangspunktet gjennomførast dagleg, men minst to gonger i veka. Luftearealet kunne gjerne vore større, men er altså minst 6m2 per ku. Det gjev meir areal til å bevege seg på for kua enn inne i eit lausdriftfjøs. Desse minste besetningane er også dei som lettast vil greie å gjennomføre dagleg lufting og mosjon, sommar som vinter.

Regelverket er  ikkje slik at alle konvensjonelle kyr i dag har krav om lausdrift, medan økokyr i små besetningar står på bås.Foto: Steffen Adler, Bioforsk

Økologiske produsentar er ikkje berre underlagt regelverket for økologisk produksjon men også det generelle lovverket. Det økologiske regelverket er tilleggsreglar og på same måte som i konvensjonell produksjon skal alle nybygg vere lausdriftsfjøs, og alle kyr stå i lausdrift frå 2024.

Regelverket for oppstalling av økologiske mjølkekyr er strengare og legg mest vekt på dyra sin naturlege åtferd. For andre dyreartar som t.d. fjørfe og svin er det enda større skilnader på regleverket.

Om regelverket for behandling av sjuke dyr

 “Det er viktig å merke seg at de krav som følger av økologiregelverket gjelder i tillegg til kravene som de aktuelle virksomheter er pålagt i øvrig generelt og spesielt regelverk, når det gjelder hygiene, helse, dyrevelferd og merking.”

 “Forebyggende dyrehelsetiltak står sentralt i økologisk husdyrhold og skal bygge på følgende prinsipper

  •  Valg av egnede raser eller avlsdyr
  •  Et dyrehold tilpasset de forskjellige artenes behov, som fremmer stor motstandsdyktighet mot sykdom og forebygger infeksjoner
  •  Bruk av fôr av god kvalitet sammen med regelmessig mosjon og tilgang til beiter..
  • Passende besetningsstørrelse for å unngå dyrehelseproblemer som kan oppstå som følge av for stor tetthet..
  • Når dyr likevel blir syke eller skadet, skal de behandles omgående, og om nødvendig flyttes til egne sykebinger eller sykerom. Hensynet til dyrets velbefinnnende må være overordnet, slik at ikke nødvendig legemiddelbruk unnlates selv om det medfører utvidet tilbakeholdelsestid eller tilbaketrekking av økologisk godkjenning.

Dette er i samsvar med EU-forordninga.

Ordlyden i Forskrift om hald av storfe – den generelle som gjeld alt dyrehald i Norge er slik:

“Sjuke og/eller skadde storfe skal straks behandles på forsvarlig måte. Dersom effekten av slik behandling uteblir, skal veterinær konsulteres. Når det er nødvendig, skal sjuke eller skadde dyr isoleres på egnet sted med tørr og myk liggeplass. Dersom det fører til unødig lidelse for dyret å leve videre, skal det avlives. “

Regelverket er altså også her strengare for økologisk enn for anna dyrehald. Viss ein skal diskuter regelverket for økologisk landbruk, må ein referere heile regelverket, ikkje berre utvalde sitat.

Både homeopati, kiropraktikk og akupunktur er enda omstridde behandlingsformer for dyr og menneske. Det finst studiar og erfaring som viser god effekt ved somme lidingar, og det er også veterinærar som praktiserer desse behandlingsmetodane. Det er ikkje særskilt for økologisk produksjon. Det er fleire konvensjonelle enn økologisk husdyrhaldarar som brukar homeopati og alternative behandlingsformer på dyra sine. Men det er alltid viktig å presisere at ein ikkje skal eksperimentere med usikre behandlingsmetodar på dyr som er alvorlege sjuke eller har store lidingar. 

Økologisk landbruk har også ein årleg revisjon av drifta si, og det ser eg på som ei ekstra sikring. Alle husdyrhald burde hatt minst ei årleg oppfølging!

Bioforsk Økologisk meiner ikkje at det er behov for eit “større oppgjer” med regelverket for behandling av sjuke, økologiske dyr, men vi arbeider stadig med å foreslå forbetringar der vi meiner det trengs, men regleverket er altså vedteke i EU og implementert av norske styresmakter..

Om eit enda betre økologisk landbruk

Bioforsk Økologisk arbeider for å fremme eit økologisk landbruk i tråd med dei grunnleggjande prinsippa. Vi gjev kontinuerleg råd til Mattilsynet og andre om regelverksendring. Vi har ofte sagt at vi meiner regelverket ikkje er godt i forhold til å nå dei ideelle måla. Det kan gjelde både dyrevelferd, agronomi, miljø-effektar og det kan gjelde utforminga av dei økonomiske verkemidla

Kristin Sørheim. Direktør Bioforsk Økologisk