Emne

Temaark om bærdyrking

Fleire temaarka om økologisk bærproduksjon er no lagt ut på Agropub. Her finn du tema som til dømes, plasttunellar for dyrking av økologisk bær og jordekke i økologisk bærdyrking med meir. Temaarka er i PDF-filer  og kan lastast ned og skrivast ut.

   

 Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Jordbær. (10 Mb)

Kampen mot ugras og skadegjerarar er som oftast den største utfordringa i økologisk bærdyrking. Førebyggjande tiltak som bruk av friskt plantemateriale, korte omløp og å fjerna smittekjelder rundt feltet er særleg viktig. Det kan i tillegg vera rett å gjera mindre endringar i dyrkingsopplegget for å redusera faren for åtak av viktige skadegjerar.

Svakare gjødsling og større planteavstandar gjev opnare plantingar og reduserer faren for soppsjukdomar. Dekking og dyrking i tunnel kan ha både positiv og negativ verknad på ugras og skadegjerarar.

 

 Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking:Bringebær

Kampen mot ugras og skade-gjerarar er ofte den største utfordringa i økologisk bærdyrking. Bringebær brukar to-tre år før det er full avling og omløpa er ofte meir enn ti år. Det gjer førebyggjande tiltak svært viktig. Godt drenert jord fri for smitte, bruk av friske planter og fjerning av smittekjelder rundt feltet vil hindra tidleg nedsmitting av plantene. Balansert og høveleg næringsforsyning og god plantekultur verkar også førebyggjande. Det vil likevel koma skadegjerarar som reduserer bær- og plantekvaliteten. Dei mest viktige bør vi kjenna og vita korleis skaden kan reduserast mest mogeleg.

 

Bladmidd i økologisk bringebærdyrking

 

Sorten Glen Ample dominerer nå norsk bringebærdyrking, også den økologiske. Denne sorten har mange gode egenskaper under norske forhold, men er dessverre spesielt utsatt for store angrep av bringebærbladmidd (Phyllocoptes gracilis) som svekker plantene og går utover bærkvaliteten. Heldigvis fi nnes det økologiske tiltak mot denne skadegjøreren.

Plasttunnelar for dyrking av økologiske bær

 

Ved dyrking av jordbær og bringebær i plasttunnelar unngår ein direkte nedbør på planter og bær. På den måten kan ein lettare takle soppsjukdommar i økologisk dyrking. Tunneldyrking gir samtidig stabile leveransar og kan gi større avling og betre kvalitet. På den andre sida er plasttunnelar meir kostnads- og arbeidskrevjande. Dyrking av bær i plasttunnel er blitt ein utbredt dyrkingsmåte i enkelte land. I Norge har vi ein liten produksjon av bær i tunnel.    

Rotsnutebiller i økologisk jordbærdyrking

 
 
 

Rotsnutebiller kan gi store skadar i jordbær. Larvane lever i jorda og gneg på røter og rotstokk. Billene kan ikkje fl yge, skaden viser seg derfor som fl ekkar i feltet. Svake angrep gir redusert plantevekst med små blad, små bær og lita avling. I enkelte tilfelle kan skaden vere total. Beste mottiltak er korte omløp, vekstskifte og god jordarbeiding. Nyttenematodar kan ha ein viss effekt.

Gråskimmel i økologisk jordbærdyrking

 
 

Gråskimmel (Botrytis cinerea) gir ofte store avlingstap i jordbær. Smitten må ein rekne med finst i alle jordbærfelt, og det er derfor uråd å unngå smitte heilt. Regntak eller plasttunnelar er sikraste tiltaket mot gråskimmel i økologisk jordbærdyrking. Det vernar plantene mot regn og doggfall, og tørrare planter gir mindre problem med gråskimmel.

Jorddekke i økologisk bærdyrking 

 
 

Bærvekstane konkurrerar dårleg med ugraset. Ulike former for dekke på jorda under plantene kan hindre ugraset, dette er særleg aktuelt i økologisk dyrking. Jorddekke gir reinare bær i jordbær, og reduserar risikoen for smitte av lærråte på bæra. Ulike typar jorddekke har ulik verknad på planteveksten. Plastfolie stimulerar planteveksten, medan flis eller bark kan vere hemmande. Plastdekte drillar er den dominerande dyrkingsmåten for jordbær i verden. Dekking er ein kostnad ved etablering, men sparer kostnader til luking seinare i omløpet.

Dekking for klimaforbedring i økologisk bærdyrking

 

 
 

Ulike typer duk til dekking har økt i omfang i hagebruket. Duken gir klimaforbedring og det er særlig tidligere bær eller grønnsaker det er fokusert på. I økologisk dyrking er det en fordel at dekking kan hindre innflyging av insekter. Dekking har også andre fordeler som raskere etablering etter planting og vern mot vinterskade. Ulempene er kostnaden, merarbeid og at ugraset også trives bedre under duken.

Haustberande bringebær i økologisk landbruk

 
 
 

Haustberande bringebær gir blomster og bær på årsskota, bæra vil derfor modne etter at vanleg bringebærsesong er over. Slike sortar kan då dyrkast for å forlenge sesongen, men dei er såpass seine at dei bør dyrkast i tunnel her i landet. I økologisk dyrking er det ein stor fordel at alle skot kan fjernast, som hos denne typen bringebær. På den måten får ein fjerna mykje sjukdomssmitte og forenkle skjerearbeidet.

 Plantevern.Økologisk.Bringebær.TEMA.pdf