Husdyrhald & fôring

Etiske teoriar-

Tun forlag økologisk landbruk Vg3, s 210- 211.pdf{F6AA7E35DF5C}.

Antroposentriske teoriar set mennesket i sentrum og meiner at berre desse har moralsk status. Korleis ein behandlar dyra, betyr dermed ingenting.

Sentientistiske teoriar (tilsvarande det engelske omgrepet sentient being, ’sansande vesen’) meiner at alle skapningar som har kjensler og kan oppleve smerte, har moralsk status og må takast omsyn til. Eit viktig spørsmål blir då om til dømes fisk har kjensler og kan oppleve smerte.

Biosentriske teoriar meiner at alt levande på jorda har moralsk status.

Økosentriske teoriar hevdar at ikkje berre levande skapningar, men naturen sjølv, til dømes økosystem og artar, må takast omsyn til. Her blir det også lagt vekt på heilskapsperspektiv og systemtenking