Husdyrhald & fôring

Korleis måle dyrevelferd

Fleire reiskapar er utvikla for å vurdere dyrevelferda. Ulike sjekklister for velferdsvurderingar er laga, ofte med tanke på sertifisering eller kontroll. I Austerrike er det utvikla eit system som gir poeng ut frå korleis omgivnadene til dyra er (Animal Needs Index, ANI-35L). I tillegg er det teke inn nokre punkt på dyrebaserte parametrar. Det vil seie det som kan målast fysisk på dyret og ut frå åtferda til dyret.

Bristol welfare assurance program (BWAP) er eit vurderingssystem utvikla i England med basis i dei fem fridommane, og består først og fremst av dyrebaserte parametrar. Welfare Quality er eit større europeisk prosjekt som har arbeidd med å utvikle fleire velferdsparametrar og vurderingssystem for å kunne utvikle sertifisering av eit visst nivå av god velferd. ANIPLAN er eit europeisk prosjekt som har teke tak i vurderingslistene for mjølkeku og kalv i Welfare Quality og tilpassa dei til rådgiving i økologisk produksjon og bruka dei i ein velferdsplanleggingsprosess. Husdyrnæringa i Noreg har også laga skjema for velferdsvurdering av eigen buskap. Dette er knytt til kursa i dyrevelferd utvikla i samarbeid mellom Helsetenesten for storfe, Animalia - Helsetenesten geit og - sau, Animalia – Fjørfe, Norsvin og Norges Pelsdyralslag. Desse kursa blei utarbeidde for å møte kravet om dokumentert kompetanse i husdyrhald.

Parametrar ein ser på, er mellom anna holdet til dyra, om dyra reiser seg normalt, sår og skadar, hårlag, frykt for menneske, stereotypiar, reinhald av dyr og omgivnader, kvalitet på og tilgang til fôr og vatn.