Husdyrhald & fôring

Innfallsvinklar til dyrevelferd

Det er særlig tre innfallsvinklar som går att når ein diskuterer kva som er viktig for dyrevelferda:

1.      Naturleg liv
Velferda til eit dyr er avhengig av moglegheita dyret har til å utføre naturleg åtferd og leve eit liv så naturleg som mogleg. Dyret bør dermed få plass til å utføre viktige typar av normal åtferd, ha tilgang til frisk luft og sosialisering med andre dyr.

2.      Helse og biologisk funksjon
Tilstanden til dyret når det gjeld å meistre miljøet sitt, avgjer velferda. Utgangspunktet er at dei fleste dyr er fleksible og til ein viss grad tilpassingsdyktige.

3.      Subjektiv oppleving
Kjenslene til dyret (liding, smerte og behag) avgjer velferda. Så lenge opplevingane til dyret i form av velvære, tilfredsstilling og leik er i overvekt og veg opp for negative kjensler som frykt og frustrasjon, gjer det ikkje noko om ein kan måle at til dømes immunforsvaret er svekt. Eit sentralt spørsmål er då om eit dyr føler frustrasjon eller sakn om det ikkje kan utføre den åtferda som det ville gjort i meir naturlege omgivnader. Frustrasjon kan mellom anna komme til uttrykk gjennom unormal åtferd som stereotypiar eller omdirigert åtferd, som er nærare omtalt for kvart dyreslag under naturleg åtferd.

Desse innfallsvinklane overlappar delvis kvarandre (sjå figur). Den økologiske tilnærminga ligg nærast den første innfallsvinkelen (naturleg liv), men ho er ikkje unik for økologisk landbruk.

 

Det har vore tradisjon for å leggje stor vekt på god dyrehelse og produksjon i dyrevelferdsomgrepet (punkt 2). God helse er ein viktig del av omgrepet. God helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, men også det å ha mykje energi og livskraft, god evne til å motstå infeksjonar, parasittangrep og metabolske forstyrringar, og god evne til å komme seg etter skade. I økologisk landbruk er i tillegg omsynet til eigenarten til dyra og moglegheitene dyra har til å utfalde seg i samsvar med naturen deira, avgjerande for god dyrevelferd (punkt 1). Dette inkluderer også omsyn til den sosiale åtferda til dyra. Naturleg åtferd kan definerast som den åtferda eit dyr normalt utfører i ein biotop som er naturleg for arten.

God helse vil dermed ikkje automatisk bety god dyrevelferd. Eit døme er høner i bur, noko som ikkje er akseptabelt i økologisk produksjon. Frå 1. januar 2012 blir det krav om nye innreia bur som har større plass per dyr enn dei gamle. Ved å ha høner i bur har ein god kontroll på helsetilstanden til hønene, og det er lite hakking. Hønene har derimot liten plass til å flakse eller ta støvbad samanlikna med høner i frittgåande system. Ein vil også lettare kunne halde griser frie for parasittar innandørs i forhold til å la dei gå ute på gras og rote i jord.

Høg produksjon er ikkje det same som god velferd. Forhold som er knytte til reproduksjon og oppfostring av avkom, er ofte det siste som blir påverka ved dyret. Unormalt låg produksjon eller brå produksjonsnedgang vil tyde på at noko er verkeleg gale. I økologisk landbruk er det også lagt vekt på respekt for den artsspesifikke naturen og integriteten til dyra i avlsarbeid og ved inngrep på einskilde dyr. Samtidig legg ein vekt på at ein må sjå dyra som ein del av ein større heilskap.

Ei anna tilnærming som det ofte blir referert til, er dei fem fridommane.

Dei fem fridommane

Desse blei opphavleg utarbeidd av Brambellkommisjonen i England på vegner av den engelske regjeringa i 1965, og er ei oppsummering av den ideelle velferda for husdyr:

  • Fridom frå svolt, tørst og feilernæring
  • Fridom frå termisk og fysisk ubehag
  • Fridom frå smerte, skade og sjukdom
  • Fridom frå frykt og stress
  • Fridom til å utøve naturleg åtferd

 

Desse blir stadig tekne fram i velferdsdiskusjonar. Dei fem fridommane gir eit bilete på kva som er god dyrevelferd, men gir likevel ingen eindydig definisjon.