Husdyrhald & fôring

Parasittar og utegang

Samanlikning mellom helse til dyr i økologisk og i konvensjonell drift har vist at parasittproblem er ei ekstra utfordring i økologisk produksjon. Dette er særleg på grunn av krav om utegang til alle dyreslag i økologisk landbruk. Ved at dyra går ute, blir dei utsette for fleire parasittar via jord, planter og ville dyr. Dette krev nøye planlegging og tilrettelegging for beiting på ulike område og på stort nok areal. Sambeiting eller vekselbeiting, det vil seie at fleire dyreslag beiter saman eller på same område etter kvarandre, vil kunne redusere talet på parasittar på beitet.

Gris og fjørfe som har tilgang til uteareal, risikerer å bli smitta med salmonella frå ville fuglar og andre dyr i området. Studiar i Danmark tyder derimot på at griser som lever utandørs, er meir motstandsdyktige mot salmonella enn dei som er oppfôra inne. Årsaker til dette kan vere at grisene har meir plass enn det normale for innandørs besetningar. Grisene fekk grovfôr, blei behandla med færre medisinar, og var fråvande seinare enn konvensjonelle griser innandørs. Alt dette kan gjere grisene meir motstandsdyktige mot smitte.

Styresmaktene i Storbritannia undersøkte førekomsten av salmonella på gardar med verpehøns i ulike produksjonssystem i tidsrommet 2004–2005. Berre 4 % av dei økologisk drivne bruka, og 6,5 % konvensjonelle gardar med frittgåande høns (fritt innandørs) fekk påvist salmonella, mens 23 % av dei konvensjonelle burhønsgardane fekk påvist salmonella. Dette tyder på at utegang med sand- og solbad, roting i jord og eting av insekt og plantemateriale er positivt for motstandskrafta til høna mot salmonella. God mikroflora i tarmane kan også motarbeide bakterien. I tillegg var det meir salmonella på dei største gardane (med 30 000 individ eller meir). Dei var alle konvensjonelle sidan maksimalt tal på individ tillate på økologiske bruk var 2000 verpehøns.

 

Høns på Tingvoll gardFoto, Liv Birkeland, Bioforsk

 

Sambeiting og vekselbeiting

Sau, geit, storfe og hestar beiter på ulike planter. Sambeiting vil derfor føre til ei betre nedbeiting av graset. Mest alle parasittar er artsspesifikke. Ei parasittlarve som blir svelgd av «feil» art, kan ikkje utvikle seg normalt. Ulike dyreslag vil derfor kunne reinske beita for parasittar for kvarandre. Sambeiting vil i tillegg gi ei høgare total beiteavling og mindre utras, og ein slepp å pusse beitet. For å redusere parasittpresset mest mogleg må ein ha minst tre gonger så mange sauer som kyr eller hestar.

Vekselbeite vil seie at eit dyreslag beiter rett etter eit anna dyreslag, eller at dyreslag vekslar med ulike beiteomgangar. Den mest effektive måten å redusere smittepresset på er truleg vekselbeite der det går eit år mellom kvar gong det same dyreslaget beiter på eit område.

I Danmark har ein sett på effekten av sambeiting mellom gris og storfe. Bakgrunnen var eit ønske om å utnytte kløvergraset som er nødvendig for vekstskiftet på bruk med svineproduksjon. Grisene på reine svineproduksjonsbruk klarer ikkje å utnytte alt kløvergraset. Det var ingen åtferdsmessige problem ved å la dei to dyreartane beite saman. Både sambeiting og vekselbeiting førte til jamn avbeiting. Sambeitinga hadde også positiv effekt på parasittførekomsten hos kvigene. Ei årsak kan vere at grisene spreidde møkka slik at parasittlarvene lettare tørka ut. I tillegg åt grisene graset ved møkka til kvigene, som var sterkt infisert av parasittar, og dermed fjerna dei ein vesentleg del av smittepresset.

Nøkkelord:

økologisk