Husdyrhald & fôring

Etikk og moral

Etikk er den norma som eit individ legg til grunn for orda og handlingane sine. Det dreier seg om kva vi synest er godt og vondt eller rett og feil i livet.

Etikk og moral blir ofte brukt om kvarandre, men eigentleg er etikken den filosofien som ligg bak kva moralske vurderingar vi gjer. Etikk er tankane om kva som er gale og rett, mens moral er korleis ein oppfører seg i praksis. Når vi gjer ei moralsk vurdering, spør vi om ei handling er rett eller feil ut frå den etiske ståstaden vi har. Dyreetikk dreier seg om korleis forholdet mellom menneske og dyr bør vere for å vere godt og rett, og om dyr i det heile har krav på velferd? Kva er i så fall «god nok» velferd, og kva inneberer god dyrevelferd?

Når ein skal diskutere dyrevelferd og verdiar i økologisk husdyrproduksjon, kan det vere greitt å begynne med kva verdiar som ligg bak økologisk produksjon.