Husdyrhald & fôring

Næringsbehov og fôring

  • Næringsbehov

    Behov for næring heng saman med størrelsen på dyra, vekst, avdråttsnivå og innhald av fett, protein og laktose i mjølka.

  • Aktuelle fôrslag og sannsynlig fôropptak

    Beite og innhausta grovfôr er dei viktigaste fôrressursane i økologis geitehald. I økologisk drift er det svært viktig å fokusere på fôrkvalitet. Tilgjengeleg grovfôr må disponerast slik at det beste fôret blir bruka til dyr som har størst behov. Det er viktig å ha oversikt over totalt fôrbehov og kor mykje ein kan dyrke sjølv.

  • fôring

    I økologisk landbruk er det eit mål å få til eit sjølvberande system med mest mogleg resirkulering av næringsstoff. Det er derfor eit ønske med moderat innkjøp av kraftfôr og fokus på grovfôrkvalitet og beite. Ein konsekvens av dette er ofte eit driftsopplegg med moderat yting og flatare mjølkekurve

  • Fôring og mjølkekvalitet

    Gjennom året ynskjer meieriet jamne leveransar av mjølk med ein karakteristisk, men likevel mild og stabil smak. Smaken på geitemjølka er i stor grad knytt til feittet. Det største problemet med smak på geitmjølk er beisk/harsk smak på mjølka.