Husdyrhald & fôring

God helse

  • God helse

    God helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, men også det å ha mykje energi og livskraft, god evne til å motstå infeksjonar, parasittangrep og metabolske forstyrringar, og god evne til å komme seg etter skade. I økologisk landbruk skal ein først og fremst fokusere på førebygging av sjukdommar. Førebygging av sjukdommar heng mykje saman med riktig fôring, god og riktig handtering når det gjeld å redusere stress hos dyra, god hygiene og lågt smittepress.

    (19.01.2012)
  • Sosialt liv

    I økologisk husdyrhald legg ein vekt på at dyr som er sosiale, og som i naturleg liv ville levd i flokk eller i grupper, skal ha kontakt med andre dyr som også er i produksjon. Eit døme er at kalvar ikkje skal stå åleine meir enn høgst ei veke. Dette gjer at kalvane tidleg blir utsette for større smittepress enn om dei skulle gå åleine i kalveboks (som er eigna for berre ein kalv). Det er derfor viktig at det ikkje er for mange kalvar i same gruppe den første tida, og at det ikkje er stor aldersforskjell mellom kalvane.

    (01.02.2011)
  • Behandling av sjuke dyr

    Førebyggjande dyrehelsetiltak står sentralt i økologisk husdyrhald, men dersom dyra blir sjuke, skal dei behandlast straks. Omsynet til dyrevelferda må vere overordna, slik at ikkje nødvendig legemiddelbruk blir forsømd, sjølv om det fører med seg utvida tilbakehaldingstid eller tilbaketrekking av økologisk godkjenning.

    (01.03.2011)
  • Parasittar og utegang

    Samanlikning mellom helse til dyr i økologisk og i konvensjonell drift har vist at parasittproblem er ei ekstra utfordring i økologisk produksjon. Dette er særleg på grunn av krav om utegang til alle dyreslag i økologisk landbruk. Ved at dyra går ute, blir dei utsette for fleire parasittar via jord, planter og ville dyr. Dette krev nøye planlegging og tilrettelegging for beiting på ulike område og på stort nok areal. Sambeiting eller vekselbeiting, det vil seie at fleire dyreslag beiter saman eller på same område etter kvarandre, vil kunne redusere talet på parasittar på beitet.

    (01.03.2011)