Husdyrhald & fôring

Fôring på økologisk vis

  • Flatare mjølkekurve

    Ein måte å møte utfordringa med proteinrikt fôr på er å fôre for ei flatare mjølkekurve. Ein må då redusere dei høgaste dagsytingane. Det er enklare å dekkje energibehovet til kua i topplaktasjonen om toppytinga er moderat i forhold til høg produksjon.

  • Fôring på økologisk vis

    Fôringa i økologisk husdyrhald skal vere allsidig og tilpassa behova til det einskilde dyreslaget. Dyra skal ha rikeleg tilgang til fôr, men ikkje pressast til unormal høg yting. Det er viktig at dyra får nok mineral og vitamin. Dette er oftast tilsett i kraftfôr, men ved bruk av mykje heimeavla fôr tilrår ein å gi tilskot for å unngå at dyra utviklar mangelsjukdommar. Dyra i økologisk produksjon skal ha 100 % økologisk fôr, og i størst mogleg grad fôr frå eigen gard eller produsert i samarbeid med andre gardar som driv økologisk.

  • Innefôring, lamming og kjeing

    Sau og geit har normalt ein lang beiteperiode, og god evne til å nyttiggjere utmarksbeite med både lyng, kratt, skog og gras. Her er det derfor fôringa i innefôringsperioden og tidspunkt for kjeing og lamming som påverkar bruken av innkjøpt fôr.

  • Krossensilering av korn

    Målet om 100 % økologisk fôr kan skape utfordringar i form av tilgang på fôr av god kvalitet og riktig samansetjing. Krossing av korn er ein metode som kan gjere eigenproduksjon av kraftfôr mogleg der vekstsesongen ikkje er lang nok, eller der hausten er for regnfull til å få kornet fullmode. Korn som skal krossensilerast, kan haustast 10 til 20 dagar tidlegare enn korn som skal tørkast.

  • Naturleg mjølkefôring - kalv og diing

    Diing er ein naturleg måte å tildele mjølk på. Kalvane får då mange måltid i løpet av døgnet, noko som er bra for næringsomsetjinga. Dei brukar lengre tid på å suge i seg mjølka enn med bytte og smokk, og får dermed tilfredsstilt sugetrongen.

  • Produktkvalitet

    God mjølkekvalitet er ein føresetnad for at forbrukarane skal kjøpe mjølkeprodukta. Moderate kraftfôrmengder og ein stor del trevlerikt fôr held feittprosenten i mjølka oppe. Godt vårbeite med lite trevlar kan gi låg feittprosent. Ein kan då gi tilskot av til dømes grovt høy eller tørrhalm.

  • Proteinforsyning

    Ei særleg utfordring i økologisk husdyrproduksjon er tilgang til proteinrikt fôr. Ekstrahert soya er den viktigaste proteinkjelda i konvensjonelt landbruk. Dette kan ikkje brukast i økologisk produksjon på grunn av forbod mot kjemisk ekstrahering av fôrmiddel.

  • Tilskot av grovfôr

    Dei fleste husdyra, både drøvtyggjarar og einmaga dyr, har behov for grovfôr. Dette er fordi til dømes det å beite gras er naturleg for dei, samtidig som grovfôr gir sysselsetjing og god mage- og tarmfunksjon. Bruk av grovfôr av god kvalitet kan også redusere behovet for innkjøp av kraftfôr eller anna tilskotsfôr.

  • Tilskot av mineral

    I økologisk produksjon ønskjer vi at drøvtyggjarane skal ha eit høgt grovfôropptak for å dekkje energibehovet. Det er fleire mineral som er viktige for grovfôropptak og utnyttinga av fôret; svovel, forfor, magnesium, natrium, kobolt og selen. Mineral har også ein direkte effekt på dyrehelsa og fruktbarheita.